Ein ny vår

Da eg gikk til arbeid i dag tidleg, hadde eg på meg småsko for fyrste gong i år. Sidan oktober har eg pressa mine føter ned i store, varme vintersko og likevel frose på beina. Eg nærmast hoppa heile vegen; nedover bare fortau og slitne trappar som har vore dekkja av snø og kulde sidan i fjor. Nesten som føtene mine, overdriv eg til deg no. Det sildra vatn som små klisjé-fylde gledesbekkar ned i kvar ein sluk – slukar som har helde sine augne lukka i fleire månader og endeleg fekk opne dei igjen.

Så der gikk eg, hoppa meiner eg, og tenkte på denne teksten eg skulle skrive da eg kom til jobb. Den skulle ikkje nødvendigvis handle om typiske jobb-greier slik som eg pleier å skrive som pressemeldingar eller nyheiter om forsking, men om kva som helst anna som eg ville skrive om. Så da blei det desse føtene da, som var så glade at dei slapp å drasse på svære støveletter.

Ja, og den fine, store gravemaskinen som saman med sin førar tok med seg snø som også var ferdig for vinteren og blei lasta over i en stor lastebil. Hurra!, sa eg. Og sjølv om eg smila ekstra til menna som sat i kvart sitt kjøretøy tidleg ein morgon, så eg at også dei ganske lei denne lange vinteren som vi ikkje turte håpa på at skulle bli til vår. Men det blei den altså; i dag. Så da tenkte eg at dette sikkert var den beste dagen dei hadde på jobb i år, det ville eg syntes i alle fall.

Heilt ute på kaia i Tromsø ligger kontora våre. Denne dagen sprudla og skvulpa både hav og menneske. Jau, vi er så lettlurde, vi nordboarar, for her kjem sola og flørtar litt med oss, og kva gjer vi? Jo vi hoppar.

Eg hoppar. Og plutseleg, nett no, så har eg glømd korleis det var senast i helga med vinter og all denne snøen som ikkje lenger er her. Og eg har småsko på meg. Og eg skriv ein tekst på nynorsk. Å skrive denne teksten i seg sjølv vart som en eigen ny vår for meg. Eg skriv nesten aldri nynorsk lenger, i alle fall ikkje når eg skriv om noko anna enn IKT i utdanninga. Ferske, svarte ord på kvitt papir kan ein også bli glad av! Det er jo derfor eg jobbar med kommunikasjon og formidling, men tenk at eg skulle gløyme kor gøy det er med ny-gamle ord som bare ligg der inne godt innesnødd i hjernen og bare venter på å få kome ut? Eg elsker ord. Og småsko. Og våren:

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
(Olav H. Hauge)

Velkommen, du vårlige onsdag, eg har venta på deg. Og småskoa mine.

Violet Road

Hurra for NRK, hurra for Lindmo og hurra for flinkiser! Violet Road er et band jeg har fulgt siden…nesten før de eksisterte. Endelig er det så mange fler enn meg som får oppleve deres glede og melankoli på radio, teve og konserter landet rundt. I går kveld var det NRK som fikk gleden av å vise de fram, mens vi som digger de fulgte spent med.

20130421-064046.jpg

20130421-064106.jpg

20130421-064141.jpg