Ein ny vår – nå med korrekt nynorsk

Ein ny vår

Da eg gjekk til arbeid i dag tidleg, hadde eg på meg småsko for fyrste gong i år. Sidan oktober har eg pressa føtene mine ned i store, varme vintersko og likevel frose på beina. Eg nærmast hoppa heile vegen; nedover berre fortau og slitne trapper som har vore dekt av snø og kulde sidan i fjor. Nesten som føtene mine, overdriv eg til deg no. Det sildra vatn som små klisjéfylte gledesbekkar ned i kvar ein sluk – slukar som har halde auga sine lukka i fleire månader og endeleg fekk opne dei igjen.

Så der gjekk eg, hoppa, meiner eg, og tenkte på denne teksten eg skulle skrive da eg kom på jobb. Han skulle ikkje nødvendigvis handle om typiske jobbgreier som eg pleier å skrive, slikt som pressemeldingar eller nyheiter om forsking, men om kva som helst anna som eg ville skrive om. Så da blei det desse føtene da, som var så glade at dei slapp å drasse på svære støvelettar.

Ja, og den fine, store gravemaskinen som saman med føraren sin tok med seg snø som også var ferdig for vinteren og lasta han over i en stor lastebil. Hurra! sa eg. Og sjølv om eg smilte ekstra til mennene som sat i kvart sitt køyretøy tidleg ein morgon, såg eg at også dei var ganske lei denne lange vinteren som vi ikkje torde håpe på at skulle bli til vår. Men det blei han altså; i dag. Så da tenkte eg at dette sikkert var den beste dagen dei hadde på jobb i år, det ville eg synast i alle fall.

Heilt ute på kaia i Tromsø ligg kontora våre. Denne dagen sprudla og skvulpa både hav og menneske. Jau, vi er så lettlurte, vi nordbuar, for her kjem sola og flørtar litt med oss, og kva gjer vi? Jo, vi hoppar.

Eg hoppar. Og plutseleg, nett no, så har eg gløymt korleis det var seinast i helga med vinter og all denne snøen som ikkje lenger er her. Og eg har småsko på meg. Og eg skriv ein tekst på nynorsk. Å skrive denne teksten i seg sjølv vart som en eigen ny vår for meg. Eg skriv nesten aldri nynorsk lenger, i alle fall ikkje når eg skriv om noko anna enn IKT i utdanninga. Ferske, svarte ord på kvitt papir kan ein også bli glad av! Det er jo derfor eg jobbar med kommunikasjon og formidling, men tenk at eg skulle gløyme kor gøy det er med ny-gamle ord som berre ligg der inne godt innesnødd i hjernen og berre ventar på å få komme ut? Eg elskar ord. Og småsko. Og våren:

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
(Olav H. Hauge)

Velkommen, du vårlege onsdag, eg har venta på deg. Og småskoa mine.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *